Hødd-Florø laurdag kl. 15.00
Eid: - Eg forventar naturleg nok klar framgong frå sist.
I fjor var Hødd i OBOS-ligaen, medan Florø var i PostNord-ligaen. I år er rollene bytta om, og laurdag møtes dei to klubbane til treningskamp i Ulsteinvik.
- Vi har møtt eit par Tippeliga-lag så langt i oppkøyringa, og sist møtte vi eit meget godt lag på øverste nivå. No skal vi møte eit lag frå OBOS-ligaen, og det skal bli greit å sjå korleis vi ligg an i forhold til det nivået. Eg forventar naturleg nok klar framgong frå sist kamp, seier trenar Sindre Eid.
- Kva veit du om Florø?
- Dei har forsterka seg etter opprykket i fjor, så det blir ein tøff kamp.
- Kva er status rundt skadesituasjonen?
- Vegard Heltne, Sondre Beite, Preben Sætre og Magnus Myklebust er alle ute frå sist, medan Fredrik Skjølstad er tilbake i troppa, avsluttar Hødd-trenaren.
Kampstart er altså laurdag kl. 15.00.