Hødd er finalist til Årets klubb i OBOS-ligaen!

OBOS og Norsk Toppfotball skal også i år kåre Årets klubb i OBOS-ligaen, og i dag blei det klart at Hødd er ein av dei fem finalistane til den gjeve utmerkinga.

Prisen handlar ikkje om sportslege resultat, men om det viktige arbeidet som blir gjort utanfor banen – i klubbadministrasjonen og i utviklinga av klubben som heilskap. Her blir det lagt vekt på mellom anna økonomistyring, leveransar i ligaavtalen, deltakelse i ulike aktiveringstiltak, innsats og synlegheit i sosiale medier, tiltak for publikum og mykje meir.

At Hødd er blant finalistane, er ei tydeleg anerkjenning av det omfattande arbeidet som blir lagt ned av tilsette, frivillige, partnarar og heile Hødd-familien gjennom året. Vi er stolte over at klubben blir løfta fram som eit førebilete i OBOS-ligaen.

– Dette er ei flott stadfesting på at vi jobbar godt og målretta på fleire område. Vi har ambisjonar om å levere godt på arrangement, og difor betyr denne nominasjonen mykje for oss, seier André Aurvåg Gardshol, marknad- og medieansvarleg i IL Hødd Fotball.

Du kan lese saka som OBOS-ligaen publiserte her!

Vinnaren vert kunngjort i slutten av november, og vi gler oss til fortsettelsen.

Takk til alle som bidreg i Hødd – denne nominasjonen er til alle som gjer ein innsats for klubben! 💙⚽

Annonse fra Obos-ligaen: