Hødd Elite Jente - Nytt hospiteringstilbod for 13-åringar
Eit nytt hospiteringstilbod skal gi dei fremste 13-årige jentespelarane i regionen ekstra utfordringar og utviklingsmoglegheiter gjennom treningar med Hødd. Møreakademiet
Hødd Elite Jente er eit nytt utviklingstilbod for dei sterkaste jentespelarane på 13 år. Tilbodet samlar spelarar frå ulike klubbar som får moglegheit til å hospitere med Hødd på fredagar, med fokus på eit høgare treningsnivå og ekstra utfordringar for dei som er klare for det.
Gjennom tilbodet vil det også bli gjort ei vurdering av spelarar som kan vere aktuelle for eit uttak til eit eige Hødd-lag som skal delta i Jente Talent Cup.
Målet er å gi motiverte spelarar eit supplement til eigen klubbkvardag, og bidra til vidare utvikling i eit godt og strukturert miljø. Tilbodet er ope i oppstartsfasen, og andre klubbar som ønskjer å delta kan ta kontakt for meir informasjon.
Kontakt:
Vibeke Innselset
[email protected]
936 95 402