Hødd blir Kampkompis
Ein av dei største barrierane for om folk dreg på kamp eller ikkje, er om dei har nokon å dra saman med. Dette ønskjer Hødd å gjere noko med, og inngår difor eit samarbeid med Kampkompis. Toppfotball Heimebaneprosjektet
Kampkompis er ein organisasjon som arbeider for å motverke einsemd og utanforskap ved å skape eit varmt og inkluderande supportermiljø rundt idretten.
Tilbodet er ope for alle – uansett alder, bakgrunn eller erfaring. Målet er at fleire skal få kjenne på gleda, spenninga og fellesskapen som fotballen skaper på stadion, saman med andre.
For mange kan økonomi, psykiske utfordringar eller andre barrierar gjere det vanskeleg å delta på opplevingar som det å gå på fotballkamp. I tillegg er det ikkje alle som har nokon å gå saman med. Saman med Kampkompis ønskjer Hødd å gjere noko med dette.
– Hødd skal vere ein klubb for alle, og vi ønskjer å bety mest mogleg for flest mogleg i regionen vår. Vi veit at mange ikkje dreg på kamp fordi dei ikkje har nokon å dra saman med. Gjennom samarbeidet med Kampkompis kan vi bidra til at endå fleire får oppleve fellesskapen og det å gå på kamp på Høddvoll, seier leiar for Hødd Samfunn, Lars-Petter Rønnestad.
Meir enn berre fotball
Bak Kampkompis står ildsjela Sesilie Olava Øie, som brenn for inkludering og fellesskap. Ho starta Kampkompis fordi dette var noko ho sjølv hadde hatt behov for i oppveksten.
Saman med frivillige kampkompisar stiller dei no opp for at endå fleire skal få oppleve kampglede.
Prosjektet handlar ikkje berre om å sjå ein fotballkamp – det handlar om å skape relasjonar, tilhøyrsle og gode minne. Å vere ein del av eit supporterfellesskap kan bety mykje for mange, og for nokre kan det vere starten på vennskap for livet.
Vil du bli med?
Har du lyst til å dra på kamp på Høddvoll, men manglar nokon å gå saman med? Eller ønskjer du å vere frivillig og bidra til at andre får ein kampkompis?
Då er Kampkompis noko for deg.
Gjennom Kampkompis vil ein trygg, raus og hyggeleg frivillig bli med deg på kamp, slik at opplevinga blir så god som mogleg.
👉 Meld deg på via kampkompis.no og bli med på å skape store augeblikk på Høddvoll – både no og i tida som kjem.
Meld deg på via kampkompis.no her!
.png)