Hødd blir 2-stjerners akademi

Hødd er tildelt 2 stjerner i Norsk Toppfotballs akademiklassifisering – ei stjerne opp frå tidlegare.

I 2023 oppnådde Hødd 1 stjerne i Akademiklassifiseringa. Målet det siste året har vore å løfte utviklingsarbeidet i alle ledd – slik at klubben kunne klare 2 stjerner i den nye AK-perioden for 2025-2027. Fredag fekk vi bekreftinga frå Norsk Toppfotball om at vi har lukkast med målet vi sette oss før sesongen.

Stolt akademisjef

- Vi har jobba hardt for å oppnå to stjerner, og då er det stor glede og lettelse over at dette no er i boks. Som akademileiar vil eg skryte av jobben som er lagt ned av heile akademigjengen. Vi er alle nye i dette «spelet», men jobbar kvar dag for å byggje kultur, struktur og kompetanse til det beste for klubben. Som ein av dei aller minste klubbane i landet i toppfotballen, må vi i Hødd finne vår eigen veg å gå og tilpasse modellen vår ut frå det området vi held til i her på Søre Sunnmøre. Å vere ein del av akademiklassifiseringa gjev oss tilgang til viktige nasjonale arenaer som elitetiltak og nasjonale seriar, noko som vil bidra og er viktig for å gje oss dei rette referansane i utviklingsarbeidet. Gjennom arbeidet i akademiet har klubben klare mål om også i framtida å utvikle lokale, klubb-utvikla spelarar som kan ta steget opp på A-laget vårt i toppfotballen, seier akademisjef Magne Elde.

Ved å gå frå 1 til 2 stjerner vil klubben motta om lag det dobbelte fra 1 stjerne av AK-midlane, som er ein del av potten frå medierettigheitene.

Akademiklassifiseringa er ein modell som Norsk Toppfotball brukar til å vurdere talentarbeidet i toppklubbane. Den høgaste vurderinga eit norsk fotballakademi kan oppnå, er 5 stjerner. Modellen for AK 2025 består av 219 kriterium, fordelt på 11 område som er sentrale for godt utviklingsarbeid. Modellen er utarbeidd i samspel med klubbane og revidert etter klassifiseringane i 2017, 2019 og 2022.

Det er desse 11 områda:
  • Sportslig styringsevne
  • Spelarlogistikk
  • Planverk
  • Kompetanse
  • Trenerutvikling
  • Treningsprosessen
  • Spelarens kampår
  • Skule – fotball
  • Samarbeidsmodellar
  • Produktivitet
Annonse fra Obos-ligaen: