Hødd 2 - Volda 4-1

Hødd 2 slo Volda 4-1 i treningskamp på Tjørvåg stadion torsdag kveld.

Torsdag kveld tok Hødd 2 imot Volda til treningskamp på Tjørvåg stadion. 

Hødd 2 var det førande laget frå start. Stor ballinnehav og godt angrepsspel gjor at Volda blei spelt veldig lave. 1-0 kom etter eit flott angrep der Sveinung Tilseth spelte fri Isak Haanes med ein fin stikkar. Isak fann etter kvart Håkon Brautaset, som satt ballen sikkert i mål. 2-0 kom etter ein dødball, der Sveinung Tilseth "tåa" ballen i nettaket på flott vis. 2-0 var også stillinga ved pause - etter ein god omgang av rekruttane!

Etter sidebytte tok Hødd kommandoen frå start. Tidleg i kampen satte dei heilblå opp eit flott angrep, som enda med ein stikkar frå Sander Djupvik til Isak Haanes. Sistnevnte blei takla og Hødd blei tildelt straffespark. Denne sette Håkon Brautaset sikkert i mål til 3-0. Etter 60 minutt spelt blei dei heilblå spelt lave og sleit med å ta vare på ballen. Det gjor at Volda skapte nokre store sjansar som dei bomma på. Men etter kvart fekk også dei grønkledde satt ballen i mål ved Tobias Evebø til 3-1. Like før slutt scora Sander Djupvik det siste målet for dagen med eit flott skot på 16 meter. 

"Ein god kamp av oss der vi har bra kontroll i lange periodar av kampen - mot eit lag som er voksne i spelestilen og som heilt sikkert kjem til å kjempe i toppen av 4. divisjon i år. Vi er nøgde med gjennomføringa - men, samstundes må vi bli enda flinkare i det defensive spelet vårt slik det blir vanskeleg for motstandaren å skape sjansar på oss", seier Sander Nyland i ein kommentar etter kampen. 

Vi takkar Tjørvåg for lånet av bane og garderober!

Laget: Joakim Ulstein (Isak Endal, 46 min.) - William Fjørtoft (Bastian Rasmussen, 46 min), Petter Worren (Håkon Thormodsæter 55 min.), Elias Flø, Johannes Sundgot, Sander Djupvik, Daniel Haanes, Sveinung Tilseth, Isak Skotheim (Ola Heltne Nilsen, 55 min), Isak Haanes (Sondre Gjerdsbakk, 58 min.), Håkon Brautaset (Joakim Ulstein, 60 min.). 

Annonse fra Obos-ligaen: