
Hødd 2-Ullern søndag ettermiddag!
Søndag ettermiddag kjem Ullern på besøk til Høddvoll for ny kamp i 3. divisjon.
Søndag ettermiddag tek Ullern turen til Sunnmøre og Høddvoll for 17. serierunde i Norsk Tipping-ligaen avdeling 1.
Hødd står med 9 poeng så langt i årets 3. divisjon. Etter sommarpausen har det blitt ein siger og eit tap. Sigeren kom i førre heimekamp mot Drøbak/Frogn (2-0), medan det vart eit knepent og unødvendig tap mot KFUM 2 (2-3) i førre serierunde.
Ullern står med 20 poeng så langt denne sesongen. Klubben hadde ambisjonar om å kjempe i toppen av divisjonen før sesongstart, men har hatt marginar imot seg på vårsesongen. Men Ullern er kjent for å vere eit "haustlag" - vi vonar dette blir ein tett og jamn kamp! Etter sommaren har det blitt ein siger og eit tap for Ullern også. Sigeren kom i førre kamp mot Ready (3-1), medan tapet kom borte mot Follo i første haustkamp (0-2).
Tropper og kampinformasjon kan de finne på denne linken etter kvart: https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=6903073
Vi ønsker Ullern velkomne til Høddvoll!
Ta turen til Høddvoll søndag ettermiddag for å støtte rekruttlaget vårt!
Heia HØDD!