Hødd 2-Rollon mandag kl. 18.30
Kan rekruttlaget oppretthalde si firepoengs-luke i toppen av 4. divisjon?
Hødd-rekruttane har to kampar på fem dagar (møter Norborg på fredag) denne veka, og er venta å rullere ein god del på laga denne veka.
Hødd 2 tapte sin forrige heimekamp mot Bergsøy, som ligg eit poeng bak Ulsteinvik-rekruttane med ein kamp meir spelt. Hødd 2 slo imidlertid hardt tilbake etter årets første tap, og sette Godøy på plass med 4-0 på Godøya. Heime er fem av seks kampar vunne så langt i år.
Rollon ligg på 9. plass, og kjempar om å unngå nedrykk. Gutta frå Larsgården er ubesigra på sine tre siste kampar, og kjem frå 4-0-siger mot Larsnes/Gursken i forrige serierunde. Borte har Rollon berre eit tap på seks kampar, derav tre poengdelingar.
Då laga møttes i Larsgården i mai, endte det med 4-1-siger til Hødd 2. Magnus Myklebust scora hat-trick, medan Sondre beita netta ein gong.
Kampstart mandag er altså kl. 18.30, og det blir gratis inngang og open kiosk. Vel møtt!