Hødd 2 med siger på bortebane
Hødd 2 vann i går 4-1 borte mot Norborg på Uggedal gras.
1. omgang
Kampen åpna med dominans favør gjestane. Etter 17 minutt tok gjestane fortjent ei 1-0-leiing signert Daniel Haanes, etter pasning frå Isak Haanes etter høgt press og ballvinning motstanders halvdel. Nokre minutt seinare auka Hødd leiinga til 2-0 ved Magnus Myklebust - nok eit gong etter godt press-spel av Hødd. 2-0 stod seg til pause, men leiinga kunne vore større i ein omgang dei heilblå dominerte stort.
2. omgang
I andre omgang kom Norborg meir med i kampen. Dei pressa høgare og hadde stor innsats i spelet sitt - samstundes som Hødd ikkje gjenskapte det gode spelet frå første omgang. Likevel var det gjestane som scora først også i denne omgangen, eit godt angrep mot høgt press enda med mykje rom på siste tredjedel. Peter Hasund sette til slutt ballen sikkert i mål. Ti minutt seinare reduserte Norborg på ein dødball - fortjent etter innleiinga på andre omgang. Trass i redusering klarte ikkje heimelaget å legge noko stort press på Hødd, og det var ikkje mykje å seie på at dei heilblå scora ytterlegare eit mål på overtid ved Peter Hasund.
Presterer bra og dominerer alt i første omgang
Trenar Sander Håskjold Nyland sa følgande etter kampen: "Gutta handterte det nye 3-4-3-systemet på ein god måte. Spesielt i første omgang der vi presterer bra og dominerer totalt. Andre omgang er ikkje bra nok, og den må vi lære av. Samstundes gir eg Norborg cred for å gjere det vanskeleg for oss i starten av andre omgang. No ser vi fram mot nabooppgjer mot Hareid på fredag!".