
Hødd 2 klare for kvalifisering
Etter å ha tatt førsteplassen i 4. divisjon skal Hødd 2 no ut i kvalifisering. Første kamp går i morgon, laurdag.
Hødd 2 vann komfortabelt 7-0 over Rollon i siste serierunde. I tillegg spelte Bergsøy og Herd 0-0, noko som gjorde at Hødd gjekk forbi på målstreken. Det var hovudtrenar Mikkel Bjørnstad veldig nøgd med.
- Siste serierunde viste seg å verte ein thriller. Etter kampen vår vart vi ståande å sjå sluttminutta av Bergsøy-Herd, noko som vart ganske intenst. Heldigvis gjorde Bergsøy ein fantastisk innsats, og vi må takke dei. Alt i alt meiner eg uansett at vi var det beste laget i årets serie, noko gutane skal ha honnør for, seier han.
I 4. divisjon, Nordmøre og Romsdal var det Tomrefjord som gjekk av med sigeren - eitt poeng framfor KBK 2. Dermed vert det motstandar i kvalifiseringa.
- Det er vanskeleg å seie heilt kva vi møter, men eg har sett litt på dei og eg trur det vert jamnt. Dei har enno ikkje tapt i år, noko vi forhåpentlegvis kan gjere noko med på laurdag. For oss handlar det om å gjenskape gode prestasjonar frå dei siste kampane. Offensiv, framoverretta fotball er noko vi har vore gode på i det siste, meiner Mikkel.
Saka held fram under bilete.

Hovudtrenaren sjølv får dessverre ikkje vere med på kampen, då det krasjar med herrelaget si reise til Senja. Det bekymrar ikkje Mikkel.
- Vi har viktige innspurtar på begge lag no og denne gongen gjekk ikkje kabalen opp. Men heldigvis har vi eit veldig kompetent trenarteam i Harald (H. Rise), Frode (Gjerde) og Geir (Televik). I tillegg er Per Rune (Tødenes) der som legg til rette for gutane, så eg er veldig trygg på teamet som leiar laget laurdag.
Herrelaget har bortekamp mot Senja, noko som gjer dette til hovudattraksjonen på Høddvoll denne helga. Ta gjerne turen, støtt framtidas Høddspelarar og lag ei bra ramme rundt kampen på laurdag.
Kampen startar 14.00, og det vert både kiosk og speakerteneste. Her kan du ordne billett.