Hødd 2 kan i praksis rykke opp mandag
Larsnes/Gursken er motstandar på River Plate kl. 18.15.
Hødd 2 har gjennomført ein solid sesong i 4. divisjon, og kan i praksis rykke opp mandag kveld med siger i Gursken.
Då vil Hødd 2 vere ni poeng foran Volda på andreplass med tre kampar igjen å spele, og med langt bedre målforskjell enn grøntrøyene. I praksis vil det seie opprykk. Men i teorien vil opprykkskampen leve vidare også med rekrutt-siger i kveldens kamp, og skulle det ende med uavgjort eller tap, vil spenninga leve i høgste grad vidare.
Hødd 2 vann 8-0 mot FK Sykkylven for ei veke sidan, men spelte "berre" 1-1 mot Emblem i forrige bortekamp. Borte er sju av ni kampar vunne denne sesongen.
Larsnes/Gursken ligg godt an i forhold til å redde plassen etter 3-1-siger mot Langevåg på River Plate i forrige kamp. Heime har LGFK berre fire tap på ni kampar denne sesongen.
Då laga møttes i juni på Høddvoll vart det 3-0 til Hødd-rekruttane. Håkon Botn Brautaset, Peter Hasund (bilde) og Amani Mbedule scora for Hødd 2.
Hødd 2 stiller følgande tropp i kveld: Sivert Pieroth, Andreas Moldskred, William Fjørtoft, Aleksander Rekdal, Elias Flø, Sander Djupvik, Daniel Haanes, Peter Hasund, Isak Haanes, Isak Skotheim, Håkon Botn Brautaset, Gustav Dimmen, Bam Hide, Magnus Myklebust, Badr Rahhaoui, Preben Sætre, Martin Mork Breivik.