Hødd 2-Hareid 2-0

Rekruttlaget vann fortjent 2-0 mot Hareid.

Annonse:

Kampen opna med stor dominans til dei heilblå. Rekruttlaget var dominerande i banespelet og rulla opp det eine angrepet etter det andre. Den fyrste halvtimen var svært god og ein fekk til slutt belønning for alle sjansane ein skapte når William Fjørtoft skaut frå 16-meter etter ei spelvending frå venstre. Etter 30 minutt datt heimelaget i intensitet i presset sitt, og Hareid kom meir med i spelet og hadde nokre farlege kontringar. Men kontringane endte ikkje med nokre opplagte målsjansar for gjestane, og dermed gjekk laga til pause med 1-0. 

 Etter sidebytte var Hareid fortsatt farlege på kontringar, medan Hødd styrte banespelet. Rekruttane sin dominans førte til fleire opplagte målsjansar, men presisjonen var ikkje alltid god nok på den siste pasninga eller avslutninga. Omlag midtveis i omgangen var presisjonen og bevegelsane gode - som enda i ei flott scoring ved Isak Haanes, etter innlegg frå Elias Flø. 

 Etter 2-0-scoringa var rekruttlaget fortsatt det førande laget, men dominansen resulterte ikkje i fleire mål. Dermed blei sluttresultatet 2-0.

 Sander Nyland hadde følgjande å seie etter kampslutt:

 - Vi spelar ein god første omgang - sett vekk ifrå ei lita periode mot slutten av omgangen. Svært kjekt å sjå laget - som var dynamiske og dominerande i banespelet, og skapte fleire store målsjansar. Samtidig er vi ikkje heilt fornøgde med enkeltperioder i kampen der vi mistar intensitet i presset og gjer mindre gode valg med ballen - som slepp Hareid meir inn i kampen. Men mykje bra vi kan bygge vidare på - samt at vi må forbetre dei mindre gode periodene vore. 

 Neste kamp for Hødd 2 er mot Emblem komande mandag - 10. april - klokka 18.30 på Høddvoll. 

Annonse fra Obos-ligaen: