Hødd 2-FK Sykkylven på Høddvoll mandag

Hødd 2 kan ta eit langt steg mot opprykk.

Annonse:

FK Sykkylven er gjestar på Høddvoll mandag kl. 18.30. 

- Vi møter eit lag som forsvarar seg godt, og som kjem til å angripe raskt og effektivt, seier Hødd 2-trenar Sander Håskjold Nyland. 

Hødd 2 kjenner eimen av opprykk, og kan med siger i kveld auke leiinga i 4. divisjon til åtte poeng.

FK Sykkylven har lagt nedrykksspøkelset bak seg etter ein god haustsesong. Laget har berre eit tap på sine sju siste kampar, og har vunne sine to siste kampar med henholdsvis 5-1 (mot Langevåg) og 5-0 (mot Larsnes/Gursken). FKS heime og borte har imidlertid gitt særs forskjellig poengfangst. Heime har laget berre eit tap, nettopp mot Hødd 2. Borte har FK Sykkylven ein siger på åtte kampar.

Hødd 2 kjem frå poengdeling borte mot Emblem, og er nok særs gira på å kome tilbake på vinnarsporet igjen. Heime på Høddvoll har rekrutt-gutta vunne sju av åtte, med ei målforskjell på 33-4.

Då klubbane møttes 1. juni på Hundeidvik, vart det ein knapp 2-1-siger til Hødd 2. Johannes Sundgot og Bam Hide (bildet) scora for dei blåkvite. 

Hødd 2 stiller denne troppa: Sivert Pieroth, Joakim Ulstein, Magnus Myklebust, Isak Haanes, Daniel Haanes, Bam Hide, Gustav Dimmen, Sander Djupvik, Preben Sætre, William Fjørtoft, Aleksander Rekdal, Jesper Tørnqvist, Johannes Sundgot, Eirik F Saunes, Elias Flø, Peter Hasund, Håkon Brautaset.

Vi minner om gratis inngang og open kiosk. Velkommen på kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: