Hødd 2 - Emblem 6-1
Hødd 2 vann 6-1 mot Emblem i ein treningskamp på Høddvoll tysdag.
Hødd 2 leverte ein god generalprøve før serieopninga mot Bergsøy med å slå divisjonskollega Emblem 6-1.
Skoringane kom ved Isak Haanes x2, Håkon Brautaset, Eirik F. Saunes, Petter W. Haddal og Sveinung Tilseth.
God stigning
Hødd skapte mykje framover. Det var kjekt å sjå at det vi har prioritert i treningsarbeidet i det siste no også ga utteljing i form av mange flotte skoringar. Vi har jobba med mykje valg og nøyaktigheit på siste tredjedel og det var mykje betre no enn i ein del av kampane vi har hatt før i år der vi har hatt litt problem med å setje sjansane våre. I dei tre siste kampane har vi vist god stigning og gler oss til seriestart, seier trenar Einar Magne Skeide.