
Hødd – Lillestrøm: Går for ny publikumsrekord!
Laurdag 14. juni inviterer Hødd til storkamp mot Lillestrøm – ein kamp der klubben har som mål om å slå publikumsrekorden frå kampen mot Brann i 2015 som er på 3003 tilskodarar. Men i forkant av kampen vil det også skje mykje i sentrum for liten og stor – så dette må du få med deg! Toppfotball OBOS Fanzone+ Heimebaneprosjektet
Det er Lillestrøm som gjestar Ulsteinvik denne dagen, og dette blir ein stor happening for klubben når ein av opprykksfavorittane i OBOS-ligaen kjem på besøk til Høddvoll.
Lillestrøm er i dag på 1. plass på tabellen og har gjort nesten reint bord i dei kampane dei har spelt så langt i årets sesong. Hødd har også fått ein kanonstart på sesongen og er i dag på ein solid 6. plass i OBOS-ligaen.
Dette blir derfor ein kamp du ikkje kan gå glipp av – og på Høddvoll skal alle gjestande lag få det tøft. Bli med på storkampen og ta del i spenninga!
OBOS FANZONE+
I forkant av kampen er det også planlagt mykje aktivitet i sentrum i Ulsteinvik når OBOS Fanzone+ skal arrangerast på kulturallmenningen.
- Vi ser verkeleg fram til kampen mot Lillestrøm og her vil det skje mykje på kampdag. I sentrum blir det ein stor OBOS Fanzone+ med masse aktivitetar, konkurransar, utdeling av gratis is, ansiktsmaling, sal av grillmat og underhaldning frå scena. Og ikkje minst får ein møte maskotane Tare og Brasse som alltid er populære blant barn og unge, seier marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball – André Aurvåg Gardshol.
STORT HØDD-TOG
Når OBOS Fanzone+ er ferdig vil det også bli arrangert ein stor parade frå Ulstein Arena i sentrum til Høddvoll for alle aktive i idrettslaget, Blåsarane og alle som er glade i Hødd.
- Her håper vi å lage det største og lengste Hødd-toget på mange år når toget marsjerer i retning mot Høddvoll.
OBOS Fanzone+ vil starte kl. 15.00 og vil halde fram til 17.00 når paraden starta.
Her er video frå OBOS Fanzone+ i 2023-sesongen.
GÅR FOR NY PUBLIKUMSREKORD
MEN, det er som sagt knyta stor interesse til denne kampen, og Hødd har som mål om å ta ny publikumsrekord når Lillestrøm gjestar Høddvoll ein sein sommarkveld i juni.
- Vi har allereie fått bekrefta 400 tilreisande bortesupporterar som skal til Høddvoll, men i følgje rapportane vi har fått kan det bli opp mot 1000 tilreisande bortesupporterar som tek turen til Ulsteinvik for å støtte Lillestrøm. Dette blir gøy og eit bra kok på stadion – og det er slike kampar vi ønsker på Høddvoll kvar einaste gong. Her oppmoda vi heile Sunnmøre til å ta turen til Høddvoll og bidra til at dette blir ein stor folkefest.
GRATIS INNGANG FOR BARN OG UNGE
Det er også viktig å nemne at gjennom klubben sitt berekraftsprosjekt «Heimebaneprosjektet» vil barn og unge under 18 år ha gratis inngang gjennom heile sesongen i OBOS-ligaen – også i denne kampen. Men for å få tilgang til dette er det viktig at alle barn og unge hentar seg ut billett via billettsystemet. Alle må derfor ha gyldig billett for å kome inn på stadion.
Hødd håper derfor å sjå mange barn og unge på kamp når Hødd og Lillestrøm skal kjempe om poenga på Høddvoll – laurdag 14 juni.
Kampbillettane vil bli lagt ut tysdag 3. juni kl. 12.00!
Velkomen til Høddvoll!