Hjelmeseth har signert ny kontrakt

Robin Hjelmeseth har signert ein avtale ut 2024 - med opsjon på forlenging ut 2025-sesongen.

Robin Hjelmeseth har vore ein sentral brikke i Hødd-laget ein del år og vart også toppscorar i 2022-sesongen. I tillegg til å spele i Hødd-drakta vil han også fortsette i stillinga si i administrasjonen.

Står for ein treningskultur og standard i treningsarbeidet som vi ønskjer

- Vi er veldig glade for å ha landa Robin vidare på ein avtale ut 2024 - med opsjon på forlenging ut 2025-sesongen. Robin er ein målscorar med veldig gode tal og erfaring i PostNord-ligaen. Ein lokal spelar som står for ein treningskultur og standard i treningsarbeidet vi ønskjer, seier Dagleg leiar og Sportssjef Jesper Törnqvist.

Stor tru på den retninga klubben går inn i

- Veldig glad for å ha signert. Eg har stor tru på den retninga klubben går inn i og takknemleg for at klubben framleis ønskjer meg med vidare. Det er eit nytt og spanande Hødd-lag på gang som eg gler meg til å vere ein del av og så er det mange unge, friske spelarar som eg skal forsøke å rettleie etter beste evne, seier Robin Hjelmeseth.

Hovudtrenar Marius Bøe er glad for at Robin har signert ny avtale

- Robin er ein ekte Hødd-spelar. Lokal, erfaren, kjenner historia og setter krav i treningsarbeidet. Han veit kor målet står, og skal vere ein av leiarane i gruppa. Glad for at Robin har signert ny avtale.

Vi gratulerer Robin med ny kontrakt!

Annonse: