Historisk avtale med Sparebanken Møre

Hødd Fotball forlenger Generalsponsoravtalen med Sparebanken Møre i tre nye år.

Sparebanken Møre har vore Hødd sin Generalsponsor i lang tid tilbake og har vore ein solid og trufast samarbeidspartnar for klubben. Etter at herrelaget rykka opp til OBOS-ligaen i 2022 har partane vore i dialog om ein ny avtale. Klubben har hatt ein god dialog med Sparebanken Møre og er særs godt fornøgd med den nye avtalen. Avtalen gjeld i perioden 2023 – 2025.

- Sparebanken Møre har i lang tid vore Hødd Fotball sin største samarbeidspartnar. Det at vi no får på plass ei historisk stor og langsiktig avtale er viktig for satsinga i klubben. Det styrkar klubbens sin breie profil med satsing på topp, utvikling og bredde – og satsing på gutar og jenter i klubben, seier styreleiar Bård i Hødd Fotball Dalen.

- Avtalen med Sparebanken Møre er heilt avgjerande for å oppretthalde og vidareutvikle aktiviteten som skjer på Høddvoll kvar einaste dag. Hødd er både topp og breidde og dette speglar også avtalen med Sparebanken Møre. Sparebanken Møre og Hødd Fotball har på mange områder felles verdiar. Vi skal saman ivareta aktiviteten i Hødd Fotball og legge til rette for liten og stor, seier dagleg leiar Per Arve Moldskred.


Etablering av Møreakademiet og vidareføring av Høddskulen er ein viktig del av avtalen, og bidreg til å løfte spelarutviklinga i Hødd Fotball til eit nytt nivå.

- Med Sparebanken Møre i ryggen har vi moglegheita til å starte akademi for jenter og gutar. Meir kvalitet, betre oppfølging og betre kamparena vil gi oss nye verktøy for å realisere draumane for vore unge jenter og gutar.

- Høddskulen har vore eit viktig tiltak der det blir gitt eit ekstra tilbod for dei mest ivrige og vi er glade for at Sparebanken Møre ser verdien av dette, seier Sportssjef Jesper Törnqvist.


Like moglegheiter og felles verdigrunnlag

Banksjef i Sparebanken Møre, Ellen Cathrin Kvalsund, fortel at samarbeidet både er viktig og naturlig for banken.

- Toppidretten skapar breiddeidrett og breiddeidretten skapar toppidrett. Vi er glade for å vere med som generalpartnar til toppklubbar som Hødd, som bidreg med kunnskap, kompetanse og inspirasjon til jenter og gutar som spelar fotball. Vi gler oss til å følgje utviklinga av Møreakademiet som no vert ei spanande satsing for framtidig talentutvikling, fortel Kvalsund.

Som den største banken i fylket, har Sparebanken Møre ein klar strategi om å være ein aktiv og engasjert bidragsytar til det samfunnet vi er en del av.

- Vi opplev Hødd som ein svært god ambassadør, og veit av erfaring at vi har mange fellesinteresser med klubben. Vi er begge lokalt forankra, har lang historie – og vi likt verdigrunnlag seier Kvalsund.

- I Sparebanken Møre er vi opptekne av at lokalsamfunnet i og rundt Ulstein og i regionen som heilheit skal vere gode stadar å bu. Det oppnår vi mellom anna med eit godt tilbod for born og unge gjennom fotballen i Hødd, seier Kvalsund.


IL Hødd fotball er særs nøgde med å ha ein sterk lokal samarbeidspartner som Sparebanken Møre med vidare som klubbens generalsponsor.

- No ser vi fram til å fortsette og utvikle samarbeidet vidare, avsluttar Moldskred.

 

Annonse fra Obos-ligaen: