Herd kjem til Høddvoll
Fredag kl. 18.00 er det klart for årets tredje treningskamp.
Siger mot Spjelkavik og tap for Aafk er status etter to treningskampar denne vinteren.
No er det Herd som er motstandar. Ålesunds-laget er klare for nye 3. divisjon etter å ha vunne divisjonen i 2016. I fjor møttes laga i Hødd si generalprøve, og Hødd-gutta tok då ein 2-1-siger etter scoringar av Didrik Sereba og Joachim Magnussen.
- Vi kjem til å starte med seks eller sju frå A-stallen, så mange juniorar vil få sjansen. Frå forrige treningskamp er Jesper Tørnqvist, Torbjørn Kallevåg og Jan Lennart Urke ute. Didrik Sereba og Fredrik Skjølstad er begge på veg tilbake etter skader. Dei kan få seg nokre minutt mot slutten, men det er ikkje heilt bestemt, seier trenar Sindre Eid.
Det er gratis inngang. Velkomen på kamp!
NB! Rekruttlaget spelar mot Aafk 2 laurdag kl. 14.00 på Høddvoll.