Herd - Hødd 0-3 (0-1)

Torsdag kveld møttes Herd og Hødd til treningskamp under gode forhold på Herdtun.

Annonse:

1. omgang

Kampen innleia med eit høgt og aggressivt press frå vertane, men Hødd handterte det på ein god måte. Begge lag ville mykje og det vart ein del korte angrep i starten på kampen. Etter kvart som kampen fekk satt seg, spelte Hødd seg opp og kontrollerte det meste av spelet i den 1 omgangen. Det gjestande laget skapte eit par farlegheiter etter angrep der ein fekk vendt spelet og slått innlegg, men det vart ikkje mål i opent spel. Målet i den første omgangen kom på ein corner. Eirik F Saunes svinga ballen hardt inn foran mål, der Eirik Haugan stanga ballen i mål. 1-0 stod seg til pause. Ei fortjent leiing ved halvtid.

2. omgang

2. omgangen starta som den første - eit høgt press frå vertane, som Hødd handterte på ein kontrollert måte. Etter kvart som omgangen gjekk åpna kampen seg opp og Hødd omsatte ballinnehav i fleire målsjansar. Målsjansane resulterte også i scoringar: 2-0 signert Daniel Eid på ein dødball, og 3-0 kom ved Peter Hasund etter eit flott angrep med gjennombrot sentralt i bana etter målgivande frå Joachim Osvold.

Ein fortjent 3-0 siger etter ein solid prestasjon av Hødd. Dei for dagen heilkvite slapp til få målsjansar, og fekk øvd mykje på etablert angrepsspel - som laget har jobba mykje med på fellestrening.

Hødd: Jonas Mathisen - Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Joakim Wrele - Daniel Eid (William Fjørtoft 70), Peter Hasund (Håkon Brautaset 70), Marius Hagen, Eirik F Saunes (Elias Flø 70), Preben Sætre (Johannes Sundgot 59) - Joachim Osvold (Badr Rahhaoui 70), Robin Hjelmeseth (Magnus Myklebust 59).

Annonse fra Obos-ligaen: