
HELENA NYGÅRD KLAR FOR HØDD
Helena Nygård har signert for A-lag damer og vil spele i Hødd-drakta i 2020! På biletet ser vi assistenttrenar Ragnhild Ertesvåg i saman med nysigneringa Helena Nygård.
Helena kjem frå Ørsta og har spelt for Ørsta IL fram til i dag. I tillegg har den talentfulle og gode spelaren fleire kampar for kretslaget. No har ho signert for Hødd og vil vere ein flott tilvekst for Hødd-laget som skal kjempe om poeng i året 2. divisjon.
Ei spanande signering for A-lag damer!
Vi ønsker Helena velkomen til Hødd!