Heimekampar for rekrutt og G15 nasjonal

Både G15 nasjonal og rekrutt med heimekampar på Høddvoll.

Rekruttlaget i 4. divisjon møter Spjelkavik 2 på Høddvoll måndag kl. 18.30. 

Etter å ha slått seriefavoritt Rollon 5-2 i serieopninga, vart det 2-0-tap mot Stordal/Ørskog i forrige kamp. 

Hødd 2-trenar Matt Saunders seier fylgjande om seriestarten: 

Vi har møtt to av dei antatt bedre laga i divisjonen, og poengfangsten har vore som forventa. Rekruttgruppa er ung, og mot Stordal/Ørskog hadde vi ein snittalder så vidt over 17 år. Fleire spelarar har fått sin seniordebut så langt. Eg er fornøgd med at vi har sluppet til få sjansar, men vi har litt meir å gå på når det gjeld å vere målfarlege. 

Hødd G15 Nasjonal møter HamKam på Høddvoll søndag kl. 11.00.  

Etter fire kampar står laget med fire poeng, og sist helg vart det 2-2 borte mot Molde. 

Trenar Christer Johansen seier: 

Sesongen så langt har gått over forventa. I kampen mot Molde sist viste vi flott mentalitet og klarte å nullstille etter ein svak prestasjon i kampen før. Eg forventer same trykket mot HamKam, og at vi viser at referansane frå nasjonal-kampane gjer oss bedre kamp for kamp. 

Vi nevner ellers at juniorlaget (G19) fekk bortekamp mot Sogndal i 2. runde i NM. Kampen er satt opp 29. mai, men blir sannsynligvis flytta til ein tidlegare dato. 

Annonse fra Obos-ligaen: