Heimekamp mot RBK 2 laurdag!

Ny heimekamp for damelaget når Rosenborg 2 kjem på besøk til Høddvoll laurdag!

Hødd har ikkje fått den beste starten på haustsesongen med 3 av 9 moglege poeng. Sigeren kom mot Nardo (1-0), og tapa har kome mot Blindheim (4-3) og Træff (0-1). Det gjer at 5. plassen som sikra plass i neste års 2. divisjon kan bli vanskeleg å oppnå. Laget må derfor mest truleg vinne dei siste fire kampane, samtidig som dei er avhengige av at Herd avgir poeng i innspurten.

Første hinder med å plukke poeng er derfor mot RBK 2 førstkomande laurdag, og det er ingen enkel oppgåve.

Det som kan vere viktig å ta med seg er at Hødd tok eit sterkt poeng borte mot RBK 2 i Trondheim i vår, og kanskje denne opplevinga gir laget ekstra energi og tru på at det er mogleg å ta alle 3 poenga mot RBK 2 laurdag!

Og ein annan faktor kan vere at RBK 2 kanskje stiller med ei svakare lag borte enn det dei vil gjort heime på Koteng Arena.

Ser vi på bortestatistikken til RBK 2 i år, så er den knallsterk med 6 sigrar og 2 uavgjorte kampar, så tøff kamp blir det uansett, men vi håper sjølvsagt Hødd tek med seg alle poenga når kampen er over!

Vi trur derfor vi vil sjå eit Hødd-lag som ønsker å ha god defensiv kontroll og som satsa på kontring når motstandarlaget er i ubalanse. 

Vi satsa på Hødd tek vare på sjansane dei får i kampen og tek med seg 3 poeng!

Det blir speaker og kiosk under kampen.

Kampstart 11.00!

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Rosenborg 2!

Annonse: