
Heftig nabooppgjer
Hødd sitt damelag vart klare for opprykkskvalifisering i vår. No ventar tøffe kampar i haust i kampen om opprykk til 2. divisjon.
Saka vart først publisert i Hødd avisa 18.08.2023.
Vi har derfor tatt oss ein prat med hovudtrenar Ronny Osnes før haustsesongens første kamp mot Volda.
- Vårsesongen var litt opp og ned for vår del. Perioden mellom påske og sesongstart var utfordrande med skader og sjukdom, men veldig bra når serien kom i gang. Første del var gode prestasjonar og resultat, medan avslutninga på våren var ikkje noko vi kan vere fornøgde med. Det vart eit slags markert skilje når vi klarte målsettinga med å kvalifisere oss til fylkessluttspelet no i haust - då kunne det sjå til at vi ikkje heilt klarte å halde trykket oppe. I tillegg hadde vi nokre skadar som svekka oss litt.
Oppkøyringa til haustsesongen syns han har vore god så langt.
- Spelarane fekk program og opplegg med Aaron for å jobbe med gjennom sommaren, så har dei fleste spelt Norway Cup før vi starta oppkøyringa 9. august. Oppkøyringa syns vi har vore god så langt! Vi har jobba med spelestilen vår og hatt speløkter med god intensitet og kvalitet. Vi har også spelt treningskamp borte mot Åndalsnes/Langfjorden, som gjorde ein god figur i vårsesongen i Nordmøre/Romsdal-avdelinga. Her vann vi 4-0, og sto fram slik vi ønsker. Det kunne blitt fleire mål, men det vart ei fin gjennomkøyring og gav gode svar. Haustsesongen blir spennande med litt ny motstand, men vi veit litt om desse så vi skal ta med oss det. Det skal også delast ut eit kretsmeisterskap til beste Sunnmørslag, og vi er ute etter å vinne denne pokalen. Alt i alt får vi spele kampane, og telle opp til slutt.
Litt endringar i troppa har det også blitt gjennom sommaren.
- Vi har mista Ida og Shaajeena som har flytta for å starte studiar. Det er mogleg det kjem nye til, men ikkje noko konkret enno. Men Mia Nygård er snart klar etter korsbandskada som har halde ho ute i over eitt år, og Stine Saunes Roald ser også ut til å vere klar igjen etter langt skadeavbrekk.
No ventar Volda i det som blir den første store testen i opprykkskvalifiseringa.
- Vi skal ha ei god treningsveke og bu oss godt til kamp. Vi kjem nok til å fortsette å ha mest fokus på oss sjølve og vårt spel. Men vi skal legge ein fin kampplan og utføre denne så godt vi kan.
- Som oss, så har Volda mista eit par spelarar. Vi tenker vi er i bra rute, men mot Volda blir det eit heftig nabooppgjer som vanleg. Det kjem til å handle om Varg sitt motto: «Me som vil det mest»! Det blir duellar, nerve og full fyr. Den delen må vi ta, og så spele vårt spel når kampbiletet tilsei vi kan det. Spennande blir det uansett. Garantert!
Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Volda!