Haustsesongen er i gang

Første haustkampen står for tur når damelaget tek imot Nardo til kamp på Høddvoll laurdag!

Etter litt stang ut og tap mot Tynset og Volda før ferien, så er damelaget klar for å ta fatt på haustsesongen. Og første hinder er Nardo, eit lag som Hødd slo 2-3 på bortebane i juni.

Laget er også godt plassert på tabellen på 6. plass, og berre målforskjell skiller Hødd og Herd (5. plass). 

Neste år blir det ei spissing av 2. divisjon, då divisjonen skal gå frå 8 avdelingar til 2 avdelingar. Det betyr at Hødd kan sikre plassen i divisjonen om laget klarer å kapre den viktige 5. plassen. Det er derfor ein viktig haustsesong som går i møte for damelaget.

Bortelaget Nardo har ikkje hatt den beste sesongen i år og står med berre 5 poeng så langt. Laget må derfor førebu seg på spel i 3. divisjon neste år. Tross ein del tap i vårsesongen, så har laget gjort sine saker bra mot både Rosenborg 2 og Molde, der laget scora mykje mål, men tapte knepent med berre eitt mål. På ein god dag kan derfor dette laget skape trøbbel for dei fleste av laga i divisjonen. 

Vi vil nok sjå eit Hødd-lag som har stramma inn den defensive strukturen etter 6-0 tapet mot Volda i siste kampen før ferien. 

Vi trur også Hødd vil styre mykje av kampen og kome seg tilbake på vinnarsporet når Nardo gjestar Høddvoll. Vi går for 3 poeng!

Kampstart 13.00!

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Nardo!

Annonse: