Haustproff 2024

Hødd Fotball inviterer til haustproff 6.- 8. oktober for dei ivrigaste i aldersgruppa 12-13 år.

Haustproff 2024 er for spelarar som vil litt ekstra, og som ønskjer eit innblikk i ein profesjonell kvardag - og her vil det vere fokus på kvalitet og god oppfølging frå dyktige trenarar.

Spelarane får lære meir om blant anna taktiske val, teknikk, eigentrening og korleis ta større eigarskap til eiga utvikling.

Det skal gjenomførast fem treningsøkter og det vil bli servert eit sunt måltid kvar dag.

Om trenarane
- Matt Saunders: trenar for Hødd G16, rekrutt og kretslag G13 - UEFA B-trenar
- Arnfinn Ingjerd: Akademisjef - UEFA A-trenar
- Ronny Osnes, trenar Hødd A-lag damer - UEFA A-trenar
- Benjamin Kaldhol, trenar Hødd G19
- Franjo Tepuric, tidlegare toppspelar, trenar Bergsøy G16
 
Gjestar
- A-spelarar herrelaget
 

PRAKTISK INFORMASJON

Påmeldingsfrist: 5. oktober
Dato: 6.- 8. oktober
Stad: Høddvoll
Aldersgruppe: 12-13 år
Deltakaravgift: kr. 1 500,-
Syskenmoderasjon: 20%
 
*Maks 25 plassar!
 

Meld deg på her!

 

FORELØPIG PROGRAM

DAG 1
08.30 Oppmøte og introduksjon
09.00 Gjennomgang av dagens økt
09.15 Felles prepp før trening
09.30 Treningsstart - fotball
11.00 Treningsslutt
11.30 Lunsj
12.00 Før kampen Hødd - Jerv
12.30 Treningsstart på feltet
14.00 Treningsslutt
16.00 PostNord-ligaen: Hødd - Jerv
 
DAG 2
08.30 Oppmøte
08.45 Gjennomgang av dagens økt
09.00 Felles prepp før trening
09.15 Treningsstart – fotball
11.00 Lunsj
11.30 Teoridel
12.00-12.30 – Spelarar planlegger eigentrening med hjelp fra trenarar
12.45 Felles prepp før trening
13.00 Treningsstart
14.00 Treningsslutt
 
DAG 3
08.30 Oppmøte
08.45 Gjennomgang av dagens trening
09.00 Felles prepp før trening
09.15 Treningsstart – fotball
10.45 Treningsslutt
11.00 Teoridel
11.30 Lunsj
12.30 Teoridel – Tema: Korleis gå frå lovande til toppspelar?  
13.00 Avslutning
13.30 Ferdig

*Det kan førekome små endringar i det oppsatte programmet.

Vi håper å sjå deg på Møreakademiet sin haustproff i oktober!

Annonse: