Hareidlandet-derby på Høddvoll
Hødd 2-trenar Sander Håskjold Nyland med sine tankar rundt toppoppgjer i 4. divisjon fredag.
Hødd 2 har 13 sigrar på 15 seriekampar, og nærmar seg opprykk til 3. divisjon for kvar siger som vert innkassert.
Fredag er det klart for lokalderby mot Hareid på Høddvoll. Eit Hareid-lag som er innblanda i dei mest scoringsfattige kampane i divisjonen, og som ligg på ein flott 4. plass.
I vår vart det ein jamn kamp på Hareidsmyrane, i ein kamp Hødd 2 vann 2-1.
Forventar du ein ny jamn kamp Hødd 2-trenar Sander Håskjold Nyland?
- Ja. Hareid er godt organisert under Kenneth Moldskred, og spelar mange jamne kampar. Dette er også eit så lokalt oppgjer som vi kan få det. Det betyr eit oppgjer som betyr mykje, og eg er viss på at Hareid kjem til Høddvoll og legg ned ein enorm arbeidsinnsats. Så eg forvenat ein jamn kamp. Vi har klart å bikka mange jamne kampar i vår favør tidligare i år: Det er ei styrke, men det er ingen automatikk at det vil fortsette. Er vi skikkelig til stades og står på i 90 minutt, er eg likevel trygg på at vi skal kunne ta tre poeng.
Fire sigrar på dei siste sju kampane vil truleg halde til opprykk for Hødd 2.
Kva tenkjer du er muligheitene for eit opprykk?
- Vi ønskjer å vinne kvar kamp vi stiller i, og eit opprykk er absolutt innanfor rekkevidde. Slik sesongen har vore, vil unggutta ha godt av å kjenne på eit nivå opp. Men vi er realistiske, og må ta ein kamp om gongen. Vinn vi nok, vil opprykk kome som ein konsekvens av det, og eit opprykk er sjølvsagt noko vi ønskjer.
Kva muligheiter tenkjer du at eit mogleg opprykk med rekruttlaget vil gi Hødd?
- Det vil gi oss ein veldig god kamparena. Våre yngre spelarar må i større grad måtte prestere maksimalt for å få med seg eit godt resultat. Spelarutviklingsmessig vil det vere nyttig for oss som klubb. Så veit vi sjølvsagt at divisjonen er knalltøff, det ser vi både på Aafk 2 og Fjøre som slit i årets 3. divisjon, seier Håskjold Nyland.
Kampstart på fredag er kl. 18.30. Vi minner om gratis inngang og ønskjer velkommen til Hareidlandet-derby.