HÅKON BJØRDAL LEINE KLAR FOR HØDD

Håkon Bjørdal Leine (22) har i dag signert ein toårsavtale med Hødd Fotball.

Raufoss Fotball og Hødd har blitt einige om ein overgang for Håkon Bjørdal Leine. Den tidlegare Brattvåg-spelaren har signert for Hødd ut 2022-sesongen og skal spele i blåkvitt dei neste to åra. Han kjem frå spel i OBOS-ligaen med Raufoss i 2020.

Hovudtrenar Kevin Knappen er veldig glad for at Håkon har signert:
- Vi er veldig glade for å kunne fortelje at Håkon Bjørdal Leine blir Hødd-spelar. Dette er ein hardtarbeidande stor, sterk targetspiss med kvalitetar i boksspelet. At nok ein spelar frå fylket vel Hødd er vi veldig godt nøgd med. Vi opprettheld derfor vår lokale profil, men det viktigaste av alt er at han kjem inn med kvalitet.
 
Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:
- Med Håkon har vi fått på plass ein kraftspiss med gode ferdigheiter i boks. Ambisiøs og svolten lokal spelar som vender tilbake til Sunnmøre og blir Hødd-spelar i 2021 og 2022. Vi ønsker oksen frå Skodje velkomen!
 
Håkon seier dette i ein kommentar:

- Gleder meg veldig til å kome i gang. HEIA HØDD!

FAKTA
Namn: Håkon Bjørdal Leine
Fødd: 1. november 1998
Posisjon: Spiss
 
Vi ønsker Håkon velkomen til Hødd!
Annonse: