Håkon Bjørdal Leine klar for Brattvåg

Hødd Fotball og Brattvåg har blitt einige om ein overgang for Håkon Bjørdal Leine.

Håkon kom til Hødd i forkant av førre sesong og signerte ei kontrakt ut 2022-sesongen. No har klubbane blitt einige om ein overgang og han går derfor tilbake til sin tidlegare klubb Brattvåg som han sist spelte for i 2019-sesongen.  

- Etter ei totalvurdering av Håkon sin situasjon privat, så har det kome eit ønske om ein overgang nærmare heimen på Skodje. Dette er noko vi sjølvsagt respekterer, og har då fått på plass ei løysing der Håkon signerer for Brattvåg frp 01.01.2022. Vi takkar Håkon for innsatsen i 2021, seier Sportssjef Jesper Törnqvist. 

Hødd Fotball takkar Håkon for innsatsen i Hødd-drakta og ønsker han samtidig lykke til i Brattvåg. 

Annonse: