Hødd damelag kan bli seriemester i dag!

Damelaget kan bli avdelingsvinnarar i dag, og avgjere serien. Før helga tok vi ein prat med lagkaptein Caroline Overvåg. (Foto: Arne Flatin)

Korleis ligg de an før kampen på måndag? Alle friske og klar?

Vi starta sesongen med litt skade etter første kampen, og monge he vore ute ein stund. Dei fleste er tilbake no, og vi stiller eit sterkt lag på mandag.

Er det ekstra nervar sidan dokke he muligheit og sikre 1plassen i avdelinga?

 Føler det er ein god blanding av følelser i laget, men dei fleste er veldig rolige. Eg kjenner I allfall på det.. hehe. 

Om dokke skulle vinne måndag og bli avdelingsvinnar, veit de kven de møter i kvalikk? Og kor gode er dei i forhold til Hødd?

Trur det er ganske sikkert at avdelingsvinnar skal møte Træff, som er eit veldig godt lag. Vi spelte mot dei tidligare i år, som ikkje gjekk so veldig bra. Men om vi skal møte dei igjen no snart, noke eg he stor tru på, so er gjengen veldig klar for revansje.

He du ei oppfordring til dei som lure på å ta ein tur på kamp på måndag?

Herd2 er eit godt lag, og vi veit aldri heilt kven som kan stille der, så det vil bli ein jamn kamp. Samme som herrelaget, trenger vi støtte av publikum. So håper på å sjå og høyre flest mulig på mandag. 

 

Då ønska vi berre Caroline og alle andre lykke til I kveld! Heia Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: