Gustav Busch Trend Mogensen klar for Hødd

Hødd har blitt einige med Sarpsborg 08 om ein utlånsavtale ut året for angrepsspelaren Gustav Busch Trend Mogensen.

Gustav kom frå Brentford i Premier League til Sarpsborg 08 i fjor sommar og er ein spelar Sarpsborg 08 har stor tru på. Han har også fleire kampar på aldersbestemt landslag for Danmark frå 16-19 år. Ein spelar med eit stort potensiale.

Sportssjef Jesper Törnqvist:

- Gustav er ein spelar vi har vist interesse for ein tid og no opna det seg ei moglegheit til ein avtale om utlån med Sarpsborg 08. Ein stor fysisk sterk spiss med stor løpskapasitet. Ein ung svolten spelar med eit stort potensiale som vil passe oss og måten vi ønsker å spele på.

Annonse: