Gratis kaffi på årets første trening

Årets første fellestrening for laget er i gang frå tysdag av. A-lagstrenar Ørjan Heiberg deler sine tankar før gjengen samlast igjen på treningsfeltet.

Tysdag skal laget samlast igjen etter ferien og skal gjennomføre si første fellestrening for året. Torbjørn Kallevåg og Marcus Ellingsen Andersen har blitt henta inn og det er venta fleire prøvespelarar innom trening den komande veka. Det blir derfor spennande å sjå kven som dukkar opp når laget starta oppkøyringa til ny sesong.

Vi spandera gratis kaffi, så kom innom å sjå årets første trening!

Treninga starta kl. 15.30.

Vi har også tatt oss ein prat med A-lagstrenar Ørjan Heiberg i forkant av morgondagens trening.

Etter fleire år i PostNord-ligaen er Hødd endeleg klare for toppfotballen og OBOS-ligaen igjen. Korleis blir det?

- Det blir veldig spennande! Heile bygda fortener dette etter ein formidabel sesong i fjor. Eg håper verkeleg vi kan ta med oss den artige avslutninga frå fjoråret inn i oppkøyringa og sesongstarten!

Kva tenker du laget kan ta med seg frå fjorårets sesong og bygge vidare på inn mot comebacksesongen i OBOS-ligaen?

- Masse! Vi la eit veldig godt grunnlag i fjor på fleire områder og det gjelder å bygge videre på det. Vi tok steg som lag frå dag 1 og heilt til slutt, og den prosessen må vi fortsette kvar dag dette året også. Vi var eit botnsolid lag som hadde ein enorm defensiv grunnmur som må takast med vidare og utviklast. Vi hadde også progresjon i vårt offensive spel, noko som også blir viktig å jobbe vidare med inn mot OBOS 2023.

Det blir jobba dagleg med å forsterke laget og det er henta inn to nye spelarar i troppa så langt. Kva kan du seie om desse to?

- To veldig fine signeringar vi forventa mykje av! Både Marcus og Torbjørn kjem frå Eliteserie-klubbar, og eg er sikker på at dei vil kome inn her å bidra frå første dag. To veldige gode fotballspelarar som passa Hødd veldig godt! 

Første fellestrening med gjengen tysdag. Det blir vel godt å kome i gang igjen med trening?

- Det skal bli ekstremt godt å kome i gang. Det kribla garantert i beina på spelarane, og vi rundt laget gleda oss veldig til å ta fatt på oppkøyringa. Ein lengre periode utan felles fotballøkter gir svolt og lyst til å kome i gang igjen no!

Kva venta spelarane i oppkøyringa i år og kva vil fokuset vere gjennom vinteren?

- Vi vil ha eit bredt fokus gjennom vinteren. Det venta mange gode og riktige treningsøkter, tøffe treningskampar, ein spennande treningsleir og eit sterkt fokus på å vidareutvikle laget. Vi gleda oss!

Ta turen innom årets første trening!

Annonse: