
Gratis inngang for alle aktive
Vi inviterer alle aktive i Hødd Fotball og klubbane rundt oss til gratis kamp når Hødd spelar den avgjerande opprykkskampen mot Tromsdalen laurdag!
HØDD - TROMSDALEN
Dette er årets viktigaste kamp på Høddvoll, og med siger er Hødd garantert klar for OBOS-ligaen neste år 😊
Kampbillett aktive Hødd
Trenarar og lagleiarar i Hødd har fått nødvendig informasjon i Spond om korleis ein hentar ut gratis kampbillett til spelarane på laget.
Kampbillett aktive naboklubb
E-post har også blitt sendt ut til leiarane i klubbane rundt oss. Ta derfor kontakt med klubben din dersom du ønsker kampbillett. Har ikkje din klubb fått informasjon? Ta kontakt med billettansvarleg André A. Gardshol på e-post [email protected].
Billettpris for alle utanom dei aktive er kr. 50,-. Dette gjelder honnør, student og vaksen.
Møt opp i klubbfargane
Vi oppmoda også alle dei aktive i klubbane til å stille i klubbfargane sine, vere med MiniBlå og Blåsarane å synge, og lage god steminig på stadion under kampen!
Bli med på årets viktigaste Hødd-kamp!
Annonse fra Obos-ligaen: