- Det har vore gode møter med dei politiske partia i Ulstein Kommune, seier styreleiar Bård Dalen.
Hødd har gjennomført møter med 7 av dei politiske partia i Ulstein Kommune, og det har vore gode og konstruktive møter.
Største samfunnsaktøren i Ulstein Kommune
For Hødd har det vore viktig å få kunne presentere klubben, og mål og strategi til dei politiske partia. Med sine over 500 aktive fordelt på breidde og topp, og over 100 frivillige i klubben utgjer Hødd sitt samfunnsrekneskap eit beløp på over 50 million. UEFA som har utarbeida modellen viser blant anna at Hødd sitt arbeid sparer det norske samfunnet for store beløp kvart år med tanke på folkehelsa.
Hødd sitt arbeid med toppfotball, utvikling og breidde er derfor svært viktig for at barn, unge og vaksne skal ha eit godt miljø å vekse opp i på Høddvoll.
Store anleggskostnadar
Med ca. 5 millionar i årlege anleggskostnadar utgjer dette ein stor del av Hødd sine budsjetterte kostnadar kvart år. I ein pressande og krevjande økonomi som klubben har, så har det vore viktig å belyse dei store kostnadane klubben har på anleggssida og økonomien i dette til dei politiske partia.
Samanliknar ein seg med resten av laga i OBOS-ligaen har Hødd dei klart største anleggskostnadane.
Gode diskusjonar
Under møta har det vore gode diskusjonar, tilbakemeldingar og innspel frå det politiske miljøet i Ulstein Kommune.
Skal ein lukkast vidare, er det heilt klart det er viktig med eit godt samarbeid mellom Hødd og Ulstein Kommune.
Hødd Fotball vil til slutt takke dei politiske partia for møta og ønske dei lukke til på valdagen.