GENERALSPONSOR MED I TRE NYE ÅR

EIT VIKTIG SAMARBEID FOR HØDD FOTBALL: Sparebanken Møre og Hødd Fotball signerte i dag en ny treårig samarbeidsavtale for 2021-2023 som gir forutsigbarheit for klubben.

Vi er svært fornøgde med at Sparebanken Møre vel å fortsette samarbeidet som generalsponsor for IL Hødd Fotball. Sparebanken Møre er ein særs viktig støttespelar, både for Idrettslaget Hødd og for regionen vi er ein del av, seier Per Arve Moldskred, dagleg leiar i Hødd Fotball. 

Banksjef Ellen Kvalsund i Sparebanken Møre fortel at banken har hatt eit langvarig og nært samarbeid med Hødd gjennom ei årrekke, og at klubben har utvikla seg mykje i løpet av desse åra. 

- Som den største banken i fylket vårt, har vi i Sparebanken Møre ein klar strategi om å vere ein aktiv og engasjert bidragsytar til det samfunnet vi er ein del av. Hødd er ein svært viktig klubb for oss, og ein heilt sentral del av identiteten til dei fleste som bur i Ulsteinvik og omegn. Vi har følgt klubben både opp og ned, og det skal vi fortsette med også framover, seier Kvalsund.

Ho viser til dugnadsånda, lidenskapen og den brennande iveren som kjenneteiknar klubben, og som bidreg til venskapsband, glede og fellesskap blant både unge og eldre. Hødd er også kvalitetsklubb, jobbar langsiktig og samarbeider godt med andre klubbar i nærområdet, seier Kvalsund.

I en periode der det har vært store endringar i næringslivet som vi i Hødd er helt avhengig av, er ein solid og langsiktig samarbeidspartnar som Sparebanken Møre heilt avgjerande for at vi kan fortsette tilbodet både for toppsatsing og ikkje minst breiddetilbodet gjennom blant anna Høddskulen som inkludera både økt satsing på kvinnefotballen, Hødd United og eigen keeperskule, seier Per Arve Moldskred. 

- Vi veit at klubbar som Hødd er viktige for at born og unge skal få sjansen til å realisere draumane sine i idretten, og utvikle gode vennskapsband og sosiale ferdigheiter ein har nytte av for resten av livet. Hødd er ein klubb for både topp og bredde, og vi er stolte av å kunne bidra til at dei kan utvikle seg vidare. Dei er ein stor og viktig aktivitetsskapar i vårt lokalområde, og vi er glade for å kunne vere med på laget, seier Kvalsund. 

Annonse: