GENERALPRØVE MOT STRYN

Laurdag tek Hødd damelag i mot Stryn til vårens siste treningskamp før sesongen starta for fullt i 2. divisjon neste helg. Kampstart kl. 11.00 på Høddvoll!

Det er berre ei veke igjen til seriestart for Hødd damelag i 2. divisjon og før den tid skal lage spele vårens sist treningskamp mot Stryn heime på Høddvoll. Dette blir derfor generalprøve for laget før Sunndal ventar i første seriekamp borte neste helg.

Det blir speakerteneste og kampoppdatering frå kampen.

Vi ønskjer laget lykke til i kampen mot Stryn!

TROPP

Agata Drozdzik, Andrine Nevstad, Anna Nerland Aahjem, Anna Tødenes, Cecilia Bakke, Ellen Nerland Aahjem, Frida Jonberg, Hannah Rekdal, Johanne Helvig, Kethleen L. Alstadsæter, Lina Solheim Stave, Madelen Gustavsen, Oline Marø Sundgot, Pia Brandal, Ragnhild Ertesvåg, Thea Ertesvåg, Vilde Sundal.

 

Annonse fra Obos-ligaen: