Generalprøve: Hødd-AaFK

Søndag 14.00 tek vi imot Aalesund, og vi kan endeleg ynskje velkomen til kamp på Høddvoll igjen!

Etter to sigrar og heile 8-4 i målforskjell har Hødd fått ein innhaldsrik start på sesongen. Vi har teke oss ein prat med nykomar Peder Nersveen.

Korleis har det vore å spele dine to første kampar for klubben?

- Det er alltid spennande å få kampar for ein ny klubb, men det har vore ein positiv følelse hittil. Vi har scora mange flotte mål og elles hatt bra angrepsspel. I tilllegg har vi vore gode defensivt, sjølv om vi har slept inn nokre enkle mål, seier han. 

Er laget i rute til seriestart?

- Det er vanskeleg å seie, men utifrå motstanden vi har møtt og korleis vi har stått til dei, så vil eg meine det.

For første gong i år spelar vi på Høddvoll foran publikum, og det mot Aalesund. Søndagens motstandar spelar mot Fredrikstad laurdag kveld, og kjem nok med eit lag beståande av spelarar som ikkje startar den kampen.

Kva kan Hødd-publikummet forvente seg på søndag?

- Forhåpentligvis kan dei forvente å sjå mål, godt angrepssepel og godt forsvarsspel. Nokre susande taklingar og litt smelling med Aalesund-spelarar også må til, meiner han.

Ole-Monrad Alme er nok ute med skade heile sesongen, medan Martin Breivik og Isak Skotheim snart er tilbake frå skade og sjukdom. Arnold Origi og Nikolas Brandal er inne i troppa igjen, så vi nærmar oss fulltalige. 

Heile troppa:

Marco Priis Jørgensen, Arnold Origi, Jann Julin Benjaminsen, Nikolas Brandal, Ramzi Touré, Joakim Wrele, Magnus Bruun-Hansen, Peder Nersveen, Ola Heltne Nilsen, Vebjørn Hagen, Syver Skundberg Skeide, Sverre Økland, Paul Moussinga, Bendik Rise, Oskar Løken, Eirik Franke Saunes, Bendik Engen, Håkon Leine og Robin Hjelmeseth. 

Billettinformasjon:

Vi brukar Vipps til registrering og smittesporing. Vi ber derfor om at alle som skal på kampen Vippsar eit valfritt beløp i forkant slik vi får registrert deg. 

Vipps-nummer: 519293.

Vi vil også stå ved inngangane å registrere dei som ikkje har Vipps.

Hødd oppmodar også alle om å følgje smittevernreglane og minner om at 1 metersregelen gjeld både på tribuna og elles på anlegget.

For dei som ikkje har sikra seg sesongkort enda, så vil det vere mogleg å kjøpe på Høddvollhuset frå 12.00 - 14.00 søndag.

Velkomen til kamp!

Annonse: