Gatelaget vann Nyskapar-prisen

Hødd Gatelag vann prisen «Nyskaparen 2026» under Fabelaktiv Fredag.

Annonse:

Hødd Gatelag starta opp i september 2025 og har i dag 20 spelarar frå heile Søre-Sunnmøre. Tilbodet er for menneske som har eller har hatt rusutfordringar.

Jesper Tørnqvist tok imot prisen på vegner av Hødd Gatelag, og hadde følgjande kommentar:

– Det er fyrst og fremst veldig stas å få denne prisen. Prisen går til alle som er med i gatelaget vårt, og dei som står bak drifta. Gjennom Hødd Gatelag får spelarane struktur i kvardagen og ein stad å høyre til. Vi ynskjer også å bidra til at dei får arbeidstrening, og etter kvart kan kome seg vidare ut i arbeidslivet.

Vi gratulerer alle spelarane og dei som står bak Hødd Gatelag med prisen!

Annonse fra Obos-ligaen: