Gatelaga med nye rekordar i 2025
Hødd starta gatelaget i september, og det har vore ein oppstart som har gått over alle forventningar. Gatelagsfamilien i Noreg tel no 33 lag, og saman kan vi sjå tilbake på eit jubelår. Heimebaneprosjektet Hødd samfunn Gatelag
Det er 19. desember, og i dag vart sesongen avslutta for Hødd gatelag med julemat på Willys Gourmet i Ulsteinvik. Gjengen hadde siste trening tysdag denne veka, og tek no ein velfortjent juleferie fram til 6. januar. I løpet av dei fire første månadene våre har vi hatt 22 spelarar innom, frå fem ulike kommunar på Søre Sunnmøre. Halvparten av spelarane er med på trening kvar veke.
Vi har òg fått spele ein del kampar. Først då vi vitja Color Line Stadion i samband med dagen for psykisk helse. Deretter kamp mot AaFK på Høddvoll i november. Seinare deltok vi òg på regionturnering i Sparebanken Møre Arena, der vi møtte både Ranheim, Rosenborg, Molde og Kristiansund, og tok oss heilt til finalen. I tillegg har vi spele kampar mot både dei tilsette i Hødd og ikkje minst A-lag herrar.
Gatelaga har slått alle rekordar
– heilt «sjuke» resultat
Samfunnsregnskapet til Oslo Economics for Fotballstiftelsen inneheld i år ei stor nyheit. Og mange store tal! 677 – sekshundre og syttisju – millionar kroner. Det er summen av gevinstar Oslo Economics har rekna seg fram til at innsatsen til gatelaga betyr for samfunnet.
I det store talet ligg gevinstar på fleire område, der alt frå helsegevinstar, reduserte kostnader i justissektoren, på helsefeltet og i verdiskaping er nokre av dei. I fjor kom òg gevinsten for pårørande inn – ein effekt som åleine har ein verdi på 134 millionar kroner (sjå tabell med alle tala lenger nede).
– Tala er bruttoeffekten av arbeidet klubbane gjer i samarbeid med kommunar, NAV og private samarbeidspartnarar. Kostnadene er ikkje rekna ut og må trekkjast frå, understrekar Erik Magnus Sæther, partner i Oslo Economics og hovudansvarleg for rapporten.
Samstundes er samfunnsregnskapet så mykje meir enn tal. Dette handlar om folk, mestring og livskvalitet.
Vi tilrår alle å laste ned rapporten frå Oslo Economics og lese han.
Oslo Economics - Gatelagenes samfunnsregnskap 2025
Vi gler oss alt til neste sesong!
