Gåfotball på Høddvoll

Tysdag 24. september kl. 11.00 inviterer vi til gåfotball for deg som er 60-70+ år. Tilbodet gjeld både for damer og herrer, og vi håpar at du blir med!

Annonse:
Informasjonsmøte
Det blir oppmøte og informasjon om opplegget på klubbhuset kl. 11.00. Frå ca. kl. 11.15 vil første økta bli gjennomført og vi tek sikte på ei treningsøkt på ca. 1 time.
 

Etter økta blir det ein kaffikopp og kake til alle som er med.

Trenar i starten vil vere Sif Kalvø som nettopp har delteke i VM i gåfotball. Ho vil vere på plass tysdag når laget skal ha si første treningsøkt.

Les meir om Sif Kalvø her: https://rb.gy/nt54lv

Vi tek sikte på å gjere dette til ein aktivitet kvar veke utover hausten, og det kosta ingenting å vere med.

Det blir også lagt opp til at deltakarane kan få kjøpt seg drakt og treningssett.

Utstyr
Joggesko/ fotballsko, aktivt treningstøy og ei vatnflaske er det du trenger til økta.
 
Reglar
Gåfotball er som vanleg fotball med tre hovudforskjellar:
  1. Det er berre lov å gå
  2. Det er i spelets natur at ein ikkje har noko særleg kroppskontakt
  3. Kan spelast med småmål utan keeper
Få inspirasjon frå RBK Gåfotball
 
Informasjon om Gåfotball frå NFF
 
Påmelding
Påmelding til [email protected] eller ta direkte kontakt på telefon 472 00 004.
 

Alle er velkomne til å delta – så bli med!

 

Annonse fra Obos-ligaen: