
Gåfotball på Høddvoll
Tysdag 18. juni kl. 16.00 inviterer vi til gåfotball for deg som er 50, 60, 70+ år. Tilbodet gjeld både for damer og herrer, og vi håpar at du blir med!
Etter økta blir det ein kaffikopp og kake til alle som er med.
Trenar i starten vil vere Sif Kalvø som nettopp har delteke i VM i gåfotball. Ho vil vere på plass tysdag når laget skal ha si første treningsøkt.
Les meir om Sif Kalvø her: https://rb.gy/nt54lv
Vi tek sikte på å gjere dette til ein aktivitet kvar veke frå hausten av, og det kosta ingenting å vere med.
Det blir også lagt opp til at deltakarane kan få kjøpt seg drakt og treningssett.
- Det er berre lov å gå
- Det er i spelets natur at ein ikkje har noko særleg kroppskontakt
- Kan spelast med småmål utan keeper
Alle er velkomne til å delta – så bli med!
