G19 vidare til 3. runde i NM

Rekruttlaget kom sterkt tilbake etter å ha leie under 2-0 og utlikna til 2-2, noko som sikra ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse. Der var Hødd best og tok seg dermed vidare til 3. runde i NM.

Annonse:

G19 vidare til 3. runde i NM

Hødd tok seg i fredag vidare i NM etter siger over KBK etter straffesparkkonkurranse. Stillinga ved ordinær tid var 2-2, etter at Hødd henta opp heimelagets 2-0-leiing. Dei blåkvite gav aldri opp: Bam Hide klinka ballen i krysset frå distanse (2-1), før Isak Haanes sette ballen sikkert i mål på eit indirekte frispark (2-2). Ekstraomgangane var eit hav av frispark og dødballer - utan at det vart noko fare.

Straffesparkkonkurranse

I straffesparkkonkurransen var Johannes Sundgot og Eirik Franke Saunes sikre som banken, medan Sivert Pieroth stod som ein levande vegg. No ventar 3. runde for i NM for Hødd G19! 

Vi gratulerer laget med sigeren!

Annonse fra Obos-ligaen: