G19/ HØDD 3 TIL MOLDE

Måndag 26. mars reiser G19/ Hødd 3 til Molde for å ha ei sosial samling over to dagar der dei spelar treningskamp mot 5. divisjonslaga Rival og Molde 3.

BILETE FRÅ TRENINGA TORSDAG!

Etter ein vinter der laget har trent godt og med kvalitet på trening, er det no klart for ei sosial samling i Molde komande måndag.

Kort om programmet

Laget reiser til Molde måndag og spelar kamp mot Rival sitt 5. divisjonslag kl. 14.00. Deretter er det innsjekk på Scandic Seilet, middag på Egon og sosialt på kvelden.

Tysdag spelar laget også kamp og då ventar Molde 3 som også spelar i 5. divisjon og denne kampen startar kl. 11.30.

Før avreise heim tilbake til Ulsteinvik, vil laget avslutte samlinga med å sjå treningskampen mellom Molde og Hødd på Aker Stadion. Denne kampen har kampstart kl. 14.00.

Viktig å samle laget

- Samlinga i Molde vart bestemt tidleg i januar etter ønske frå trenarteamet og dette vart godt mottatt av spelargruppa som eit positivt tiltak. Etter ein vinter der vi har trent hardt med 4-5 fellestreningar i veka, så har vi den siste veka slept litt opp med antal treningar for å få overskudd inn mot seriestart. 

- I Molde får vi spelt to kampar mot god motstand i Rival og Molde, men det sosiale med denne turen er kanskje enda viktigare for å bygge kameratskap og samhald. Vi reiser med ei stor tropp på 20 spelarar der alle vi få rikelig med speletid. Det er også viktig at alle får ein tilnærma full kamp før seriestart og det legg vi opp til på denne samlinga. Vi håper dette blir ein fin tur for alle som er med til Molde, seier hovudtrenar André A. Gardshol.

Tropp til Molde

Andreas Grimstad, Andreas Moldskred, Benjamin Haram Rogne, Håkon Otterlei Fjørtoft, Håkon Thormodsæter, Håvard Fiskaa, Jakob Sætrenes, Johannes Meinseth, Jonas Våge Overå, Kristian Vatsaas, Nedim Mujic, Nicolai Vik, Richard Moldskred Hasund, Sander Michael Ringstad, Sondre Gjerdsbakk, Stian Pedersen, Tobias Pettersen Hatløy, Zakariye Ushey, Simon Skeide, Iver Skeide.

Resultat treningskampar i vinter

Hasundgot - Hødd 3 2-3
Herd G19 - Hødd G19 2-0
Hareid - Hødd 3 1-2
Hødd 3 - Aksla 2-3
Hødd 3 - Åram/VanKam 1-5

Gardshol - Godt fornøgd med prestasjonane

- Vi har spelt fleire treningskampar i vinter og har visst gode resultat mot gode motstandarar. Kampen mot 4. divisjonslaget Hareid med eit svært redusert og ungt lag der vi vann fullt fortent var svært imponerande. Vi gjennomførte også ein svært god kamp mot Herd der vi styrte det meste av spelet, sjølv om det endte med 2-0 tap. Prestasjonane har sjølvsagt svinga, men det er naturleg i ei periode der vi har trent hardt. Men vi er godt fornøgd med prestasjonane i vinterens treningskampar og vil bygge vidare på dette inn mot seriestart!

Det blir spennande å følgje laget i G19 1.divisjon og Hødd 3 i 6. divisjon år!

Vi ønskjer laget god tur til Molde!

Annonse fra Obos-ligaen: