Fullt fokus på Brattvåg

Dei neste åtte dagane skal herrelaget spele tre kampar, der to av dei går på heimebane. Først ut er Brattvåg på Høddvoll.

Onsdag tek vi imot Brattvåg på Høddvoll, medan vi søndag får storfint besøk frå Molde. Påfølgjande onsdag er det (forhåpentligvis) toppkamp mot Kongsvinger før Postnord-laga får ei frihelg. Vi har teke oss ein prat med hovudtrenar Kevin Knappen i forkant av kampane.

I går blei NM-oppsettet klart, der vi fekk Molde på heimebane. Kva tenkjer du om det?

- Det er artig det, men vi har fullt fokus på Brattvåg på onsdag. Som eg har sagt tidlegare så er det serien som er vårt hovudfokus i år. Samtidig er det sjølsagt stas å måle krefter med Norges beste lag på søndag, seier Kevin.

Vinn billettar til NM-kampen

Skal setje fyr på Høddvoll
Fokuset til Hødd-spelarane ligg på Brattvåg-kampen, som igjen kan bli ein tøff heimekamp. Sjølv om onsdagens bortelag ligg 10 poeng bak Hødd (med éin kamp mindre spelt), så kan tabellen alltid lyge litt.

- Brattvåg er betre enn tabellen seier. Dei speler stort sett bere jamne kampar. Lokaloppgjer lever også sitt eige liv med temperatur og spelarar som kan vere meir på enn normalt. Likevel har vi fleire gode opplevingar i lomma som vi tek med oss inn i kampen, og kjem vi oss opp mot vårt maksnivå så skal Brattvåg få det tøft. Vi skal forsøke å setje fyr på Høddvoll!, seier hovudtrenaren.

Billettinformasjon

Støtta frå tribuna har så langt i år vore fantastisk, og for Hødd er den neste kampen alltid den viktigaste. Når det då er lokaloppgjer så blir i alle fall ikkje mindre viktig. Onsdag 18.00 håper vi å sjå akkurat deg på Høddvoll.

- Eg høyrer om folkefest på søndag, men for oss er støtta vi kan få i morgon viktigare. Blåsarane er vår 12. mann, men vi skal heller ikkje gløyme dei trufaste på hovudtribuna. Vi har kjempestøtte frå begge tribunene, noko vi merka både mot Kvik Halden og i bortekampen mot Florø. Det håper eg vi kan gjenskape i morgon, seier Kevin.

Vi håper vi ser deg på Høddvoll denne veka – først på onsdag. Billett til kampen kan du kjøpe her.

Velkomen til kamp!

Annonse: