Frode og Greg inn i trenarteamet

Frode Gjerde har takka ja til eit engasjement som keepertrenar i Hødd og blir ein del av trenarteamet til A-lag herrer. I tillegg kjem Greg Bracken inn som fysio for A-lag herrer og utviklingsavdelinga.

Bilete frå venstre: Deniss Korneiciks, Frode Gjerde og Ole Monrad Alme.

Frode Gjerde kjem inn som keepetrenar for A-lag herrer, i tillegg til den tidlegare rolla rundt rekrutt og vil ha ansvar for å følgje opp keeperane på trening og i kamp. Dette er ei oppgåve Frode kjenner godt til frå tidlegare og vi er sikre på at keeperane blir godt ivaretatt framover.

Greg Bracken blir fysio for A-lag herrer og utviklingsavdelinga. Han jobba til dagleg for Aspøya Fysioterapi og Manuellterapi og har tidlegare jobba som fysio for AaFK.

Vi ønsker begge to lykke til med oppgåvene i Hødd!

Annonse: