FRODE GJERDE BLIR MED VIDARE

Frode Gjerde blir med vidare som keepertrenar i 2019!

Frode seier dette i ein kommentar:

- Kjekt å vere med vidare. Kjempetrua på at vi skal få til noke bra. Vi må ta på oss arbeidstøyet og så må vi utvikle eit nytt lag. Det skal bli utrulig kjekt og eg er veldig positiv i forhold til 2019.

Dagleg leiar, Oddmund Otterlei er svært glad for at Frode blir med vidare:

- Frode er ein viktig bidragsytar på feltet og i garderoben. Vi er svært glade for at han blir med Hødd vidare.

Annonse fra Obos-ligaen: