Fredrik har signert ny kontrakt

Fredrik Dimmen Gjerde har signert ny kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2026-sesongen!

Hovudtrenar Marius Bøe er svært glad for å ha med Fredrik vidare. 

- Fredrik har tatt store steg denne sesongen. Han er ein dedikert og ein samlande type som er viktig i gruppa vår. Er svært glad for at Fredrik har signert ei ny kontrakt med klubben.

Sportssjef Jesper Törnqvist er også glad for at Fredrik har signert ny kontrakt med Hødd. 

- Ein lokal anvendeleg spelar med gode ferdigheiter som gir oss masse på og utanfor bana. Vi gleda oss til å følge utviklinga vidare. 

Fredrik seier dette i ein kommentar:

- Det er ei stor ære å både få tilbod og signere ei ny kontrakt for barndomsklubben Hødd. Det er noko ein har jobba mot veldig lenge. Eg har lært utruleg mykje av både Marius og Kristoffer på veldig kort tid og eg føler dei har gjort det enkelt for meg og mange andre å utvikle seg. Eg har veldig stor trua på det dei og klubber byggjer no. Eg set stor pris på at eg får vere med på å hjelpe klubben i rett retning dei neste åra. 

Vi gratulerer Fredrik med ny kontrakt og ser fram til å følge han vidare i Hødd-drakta dei neste åra!

Annonse fra Obos-ligaen: