Fredrik forlenger med Hødd til 2028
Fredrik Dimmen Gjerde har signert ny kontrakt ut 2028-sesongen! Toppfotball
Hødd Fotball er glade for å kunne meddele at Fredrik Dimmen Gjerde har signert ny kontrakt med klubben. Den nye avtalen strekkjer seg ut 2028-sesongen.
– At ein lokal spelar har tru på klubben og vel å forlenge avtalen, er veldig gledeleg. Fredrik er ein viktig kontinuitetsberar som bidreg til Hødd-kulturen både på og utanfor bana. Vi ser fram til å halde fram utviklinga saman, seier sportssjef Jesper Törnqvist.
Fredrik er glad for å ha framtida si i Hødd
– Det er veldig kjekt at eg og Hødd har dei same tankane og ambisjonane for framtida. Eg veit at alle i spelargruppa ønskjer det beste for Hødd, og det er kjekt å vere ein del av. Eg føler at eg har kome godt i gang att etter skaden, og er klar til å bidra så mykje som mogleg framover. Måten Ivan og teamet ønskjer at vi skal framstå på, passar meg veldig godt, og eg gler meg til fortsetjinga. Heia Hødd, seier Fredrik.