Fredrik er lidenskapleg Hødd-supporter
For Fredrik Markussen Løset (19) er Hødd noko av det viktigaste i livet. Han er alltid kjapp til å kommentere postane som vert lagde ut på Hødd si facebookside og er alltid støttande til A-laget og klubben. Hødd-supporter
*Denne artikkelen vart først publisert i Hødd avisa 12.09.2024.
Til Hødd-avisa seier Fredrik at det er kjekt å vere Hødd-supporter. Det er også naturleg for han å halde med laget frå heimbygda si- og i år synest han spelarane har vore gode.
Kva så med resten av sesongen. Seks kampar står att.
- Eg trur resten av sesongen blir bra- og det var synd med tap i helga men eg trur dei vinn igjen neste kamp i helga og eg trur det endar med opprykk.
Fredrik synest det Hødd har prestert i år med 14 strake sigrar har vore heilt nydeleg. Han likar først og fremst laget, men vert spurt om å trekke fram dei han meiner har vore viktigast for laget i år.
- Halvard Kvamme Urnes, Torbjørn Kallevåg og Eirik Blikstad har vore dei viktigaste spelarane etter mi meining, seier Fredrik.
Det er ikkje ofte at Fredrik går glipp av ein kamp, men Hødd-avisa la merke til at han var på ferietur tidlegare i sommar…
- Ja, eg gjekk glipp av Hødd-kampar i sommar då eg var på sommarferie. Då mista eg kampane mot Eik Tønsberg og Viking 2, men elles ser eg alt av Hødd kampar når eg er heime, seier Fredrik, som heilt sikkert er på plass i helga når Notodden kjem på besøk.
Vi ønsker Fredrik god Hødd-kamp i helga!