Frå Verdal til Høddvoll for å sjå kamp

Møt Hødd-supporterane, Arnfinn og Jørgen frå Verdal i Trøndelag.

Hødd har fått to ferske supporterar, og dei kjem frå Verdal i Trøndelag.  Arnfinn Singstad (63) og Jørgen Grande (32) var her for andre gong då Hødd hadde Bryne på besøk sist helg. Første gong dei var på Høddvoll var mot Levanger i fjor. Arnfinn var ekstra fornøgd med at Hødd vann den kampen…. Vi anar ei viss rivalisering mellom Verdal og Levanger!

Det høyrer også med at Arnfinn er onkel til Hødd-trenar Joakim Dragsten. Det forklarer nok ein god del av den ferske interessa for Hødd.

Arnfinn og Jørgen kjenner kvarandre svært godt og Arnfinn fortel at det er fotballinteressa til Jørgen som er pådrivaren.

Arnfinn jobbar som nattevakt på ein institusjon i Verdal kommune for folk som har ekstra behov, som Jørgen som sit i rullestol. Så det er der dei har vorte kjende med kvarandre. Og Arnfinn har vore støttekontakt for Jørgen.

- På slutten av fjorårssesongen så var vi to nærast sikre på at dette kom til å gå, og at det ville bli opprykk. Særleg fordi Ull/Kisa verka å vere ute av form og hadde ein rar sluttsesong, seier Arnfinn. Som var heilt sikker på at Ull/Kisa kom til å tape siste kampen i Levanger.

Arnfinn har spelt litt fotball sjøl i tidlegare tider og vore litt trenar på aldersbestemt nivå. Han har tre vaksne døtrer (alderen 30-41 år), men har ingen son. Så Jørgen kom jo inn som ein «reserveson», seier Arnfinn. Vi har felles interesser i å reise på turar og ikkje minst få med oss nokre fotballkampar.

Jørgen har kosa seg på turane til Ulsteinvik. Han er imponert over Hødd.

- Det er veldig bra det klubben har fått til, særleg med opprykket i fjor.

Arnfinn skryt også av Ulsteinvik. At det er ein kjempefin plass. Søndag før kamp køyrde dei ut til Flø, som så mange andre har gjort før dei.

- Det var ein fin plass, altså- ut mot havet. Vi skulle eigentleg ha kjøpt oss hus her og fått med oss alle heimekampane, humrar Arnfinn.

Blir det så fleire turar til Ulsteinvik i år?

- Det er ein bra køyretur så eg trur det blir ein tur i året hit, men vi skal i alle fall få med oss bortekampen mot Ranheim i Trondheim mot slutten av sesongen.

Seier dei to ferske Hødd-supporterane!

Annonse fra Obos-ligaen: