Frå 40 varmegrader til minus 10
Då Matthew Scarcella returnerte til Ulsteinvik for ti dagar sidan, var kontrastane til å ta og kjenne på. Frå 40 varmegrader midt på sommaren i Australia til minus 10 og snø i Ulsteinvik. Toppfotball
– Det var eit ganske stort sjokk. Eg har aldri vore i slikt vêr før, så det tek litt tid å venje seg til. Men det har vore heilt greitt så langt, smiler 21-åringen.
Scarcella signerte for Hødd i september og gjekk rett inn i laget. Overgangen til norsk fotball har han likevel takla utan store problem.
– Det var ein ganske smidig overgang. Eg gjekk rett inn og spelte, og det tok meg kanskje ei veke å venje meg til det. Så det har vore bra. Eg har verkeleg likt det, seier han.
Vil bidra for laget
Når han ser fram mot den komande sesongen, er måla klare. For Scarcella handlar det først og fremst om å bidra til fellesskapet.
– Eg har alltid hatt som mål å hjelpe laget så mykje som mogleg, anten det er med scoringar eller målgivande. Og så handlar det om å ta så mange poeng som mogleg saman som lag, seier han.
Trass at han enno berre er 21 år har australiaren allereie landskampar for Australia sitt U23-landslag. Ambisjonane er å spele seg inn igjen i landslagsvarmen.
– For alle spelarar er det å spele for landslaget den største æra ein kan oppnå. Så ja, det er definitivt eit mål for meg. Så får vi sjå korleis det går til slutt, seier Scarcella.
Måtte synge framfor resten av spelargruppa
Før treninga torsdag måtte Scarcella vise sine songferdigheiter når han song framfor resten av spelargruppa til stor jubel!
– Det er berre Freddy som er Freddy. Han likar å setje meg litt ut, ler Scarcella.
No ventar vidare førebuingar på Høddvoll – og ein sesong der Matthew Scarcella har ferdigheiter til å kunne å vere ein av dei beste midtbanespelarane i OBOS-ligaen.